Å lytte med hjartet

Å lytte med hjartet på 10 minutt.

Dette er ein fem punkts-metode med spørsmål som kan nyttast i mange samanhengar. Den er effektiv sidan det er mogleg å få eit oversyn på så lite tid som 10 minutt. Dessutan legg ein igjen eit inntrykk av å ha gjort ein innsats for den ein snakker med:

  1. Kva har skjedd? (hovudtrekk, maks 3. minutt).
  2. Og kva føler du no?
  3. Kva er vanskelegast for deg?
  4. Og kva hjelper deg å klare dette?
  5. Det må vere hardt for deg - Eg er så lei meg for det som er skjedd. Det rører meg å høyre dette (avslutning).

Metoden kan brukast på barn, kjærestar, familie og vener. Av sjefar og kollegaer. Av legar og psykologar.

Eg fann metoden i boka til fransk-amerikanaren Servan-Schreiber (til norsk på Pax Forlag, 2005).

Bakgrunn:

Ved å studere samtalar mellom legar og pasientar, fann psykoterapeuten Marian Stuart og psykiateren Joseph Lieberman metoden som gir god og sterk menneskleg kommunikasjon.

Skrive om i Kitchen Table Wisdom: Stories That Heal av Dr. RACHEL NAOMI REMEN, Riverhead Books, New York, 1996. Remen er lege og professor ved Universitetet i California, San Franscisco.

Kjelde: Evnen til helbred - Behandling av stress, angst og depresjon uten medikamenter eller psykoterapi av DAVID SERVAN-SCHREIBER, Pax Forlag, Oslo, 2005 - ISBN 82-530-2791-5.

DAVID SERVAN-SCHREIBER (1961-2011) var ein fransk psykiater med spesialfelt innan kognitiv nevrologi og nevrobiologi, Medgrunnleggar av og tidlegare meddirektør ved Clinical Cognitive Neuroscience Laboratory, Universitetet i Pittsburgh. Professor i klinisk psykiatri ved School of Medicine, Universitetet i Pittsburgh, USA. Dessutan forelesar ved Det Medisinske Fakultetet, Universitetetet i Lyon, Frankrike. SERVAN-SCREIBER sat i OECD sitt råd for Learning and Brain Research: Implications for Education Policies and Practices.

Lenker:

http://instincttoheal.org/

http://nofreudnoprozac.org/

http://www.guerir.org/

Dr. Remen: www.rachelremen.com

Frode Svindseth 2011.

FANTASI - FORESTILLINGSEVNE -  ESTETIKK

© InfoSearch FactSEE.com 2011